Hardanger Musikkfest

Hardanger Musikkfest - me fyller fjorden med musikk og nære musikalske møte mellom artistar i verdsklasse og publikum på ulike arenaer langs fjorden!

Hardanger Musikkfest – nærare musikken

Hardanger Musikkfest er ein årleg festival med klassisk musikk og folkemusikk – og skjer kvar haust når frukta er moden og hausten bankar på. Festivalen har base i Lofthus, men det blir konsertar fleire stader rundt Sørfjorden.

For små og store
Born og unge er ein viktig del av festivalen. I programmet vårt, Stjernedryss, speler me konsertar for barnehagar, skular og vidaregåande. Me samarbeider med unge lokale utøvarar, og kvart år deler me ut prisen Stjerneskot til eit ungt talent.

Songen du har kjær
Frå 2023 starta me opp med Songen du har kjær, der folk kan sende inn ynskjesongar. Desse blir tolka og framført på nye og spennande måtar under festivalen.

Vil du vera med?
Frivillige – eller Frendane som me kallar dei – er heilt avgjerande for festivalen. Du kan hjelpa til med artistkontakt, transport, pynting, matservering, billettar og mykje meir. Om du har tid til eit par timar, eller vil vera med heile veka – me har plass til deg! Ta kontakt med Frendesjef Gisle Hamstad Haukelidsæter på tlf. 483 57 548.

Litt historie
Festivalen blei starta i 1996 av Stig Nilsson, tidlegare konsertmeister i Oslo-Filharmonien. Han ville skapa ein festival der musikarar og vener kunne møtast for å spela musikk i vakre omgjevnader. Lofthus blei det perfekte stedet, og Hotell Ullensvang har vore festivalens hovudarena sidan starten.

I dag
Hardanger Musikkfest er blitt ein av dei viktigaste kammermusikkfestivalane i landet, og trekk både lokale og tilreisande publikummarar. Artistane reiser heim slitne – men alltid smilande!

Festivalen blir leia av komponist Therese Birkelund Ulvo (kunstnarisk leiar) og Anna Gursli Langesæter frå Lofthus (festivalsjef).

 

Fritidsaktiviteter

Festival

Kontaktinformasjon

95890237 / 

post@hardangermusikkfest.no

hardangermusikkfest.no

www.facebook.com/HardangerMusikk

Anna Gursli Langesæter

Postadresse
co/Anna Gursli Langesæter Stryteberg 25 5781 Lofthus
5781 Lofthus

Andre opplysninger

Org.nummer
979949839

Kategori
Festival/større arrangement

Område
Austsida

Stikkord
Festival, Konsert, kammermusikk, klassisk, folkemusikk, barn, unge, lokale krefter, FRENDAR

Sist oppdatert
29.07.2025

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Opheimsgata 31
5750 Odda

Sosiale media

2025 © Foreningsportalen i Ullensvang