BARK Kinsarvik (Barnas Røde Kors)

Humanitær 

Møtestad på Aktivitetshuset! I gamleskulen på Ystanes er det aktivitetar for fleste: buldreveggar, trampolinerom, bilspel med ratt, pedalar, stol og skjerm, dart, div. shuffleboards, biljard, teiknesaker, brettspel, sumobrytedraktar, turneringar, konkurransar, filmvising, m.m. Nokre aktivitetar ute: orientering med kart/kompass, natursti, grilling, klatring og zipline, m.m. Frivillige vaksne er alltid tilstades.

Buførevegens Vener

Friluftsliv 

Tursti til/frå Reisæter på Nå til Botsvatn/Krossdalen i Jondal. BUFØREVEGEN vart tilbakeført og istandsett i åra 2012 - 2016. Arbeidet er utført av dyktige sherpaer frå Khunde - 3840 moh i Himalaya - like under Mount Everest - i Nepal. Fagleg leiing: Geirr Normann Vetti

Espe Grannalag

Lokalsamfunn 

Grendahuset vart oppført i 1930 og me feira 70 års jubileum i år 2000. Huset blir brukt som ein samlingstad for bygda og me ønskjer ei levande grend med store og små tilskipingar. Tradisjonelt sett har huset vore heim for både Grannaveitla, Haustfest, og jolatrefest for born i krinsen. Det går an å leiga ungdomshuset som lokale for konfirmasjon, bryllup eller andre merkedagar. Ta kontakt med styret for pris.

FFO Odda/Ullensvang

Helse 

FFO har jobba for samfunnsmessig likestilling og deltaking for funksjonshemma og kronisk sjuke sidan stiftingsåret 1950. Me er organiserte med hovudkontor i Oslo og fylkeslag i alle fylke. I tillegg har me ein del kommunelag. På vegne av medlemsorganisasjonane våre jobbar me opp mot politiske styresmakter sentralt og lokalt, for kronisk sjuke og funksjonshemmedes felles interesser

Folgefonn Sjakklubb

Idrett 

Folgefonn Sjakklubb er en klubb som holder til i kommunene Ullensvang og Kvinnerhad. Klubben er tilsluttet Norges Sjakkforbund. Folgefonn Sjakklubb er en forening som skal være et samlingssted for sjakkinteresserte, og aktiv spill av turneringer. Arbeide for økt innsikt og ferdighet av spillet.

Føyk Idrettslag

Idrett 

Føyk idrettslag høyrer heime på austsida av Sørfjorden i Ullensvang, og er medlem av Ullensvang idrettsråd. Me er eit lite idrettslag med stor aktivitet. Me er opptekne av at folk i bygda skal ha eit lokalt aktivitetstilbod. Me nyttar gymsalen og uteområdet i Sekse barnehage, klatreveggen vår og nærområdet vårt ute som aktivitetsområde. Føyk il driv blant anna med: idrettsskule med ulike idrettar for born og unge. Me har aktivitetar for alle aldrar, skidag, lagar skøyteis, trimkarusell, klatring, aktivitetsdag, fellesturar og kveldsmattur. Me har òg Liatravaren.

Grashoppa 4H

Humanitær 

4H er en medlemsstyrt organisasjon. Her er det medlemmene som bestemmer. Gjør mer av det du liker best. 4H Norge er en stor og aktiv organisasjon med over 11 000 medlemmer fordelt på ca. 550 4H-klubber over hele landet. Medlemsalderen er 10-26 år. I 4H får medlemmene mulighet til å utvikle seg selv, og være del av et sosialt fellesskap der alle har omsorg for hverandre. Det stilles ikke spesielle krav for å bli medlem. Som medlem i 4H velger du selv hva du vil lære mer om, og hvilke kurs og arrangement du ønsker å delta på.  Formålet er å utvikle en aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og mennesker. Mottoet er å lære ved å gjøre. Grashoppa 4H høyre til i Vikebygd krinsen med kløvermedlem fra 6-9 år (skuleborn) og ordinære medlem fra 10 år og opp! Dei eldste i klubben fyller 15 år i 2023. Dei gjer mykje kjekt i saman! Ta kontakt for meir informasjon 

Hardanger Big Band

Sang/musikk/teater 

(HBB) vart starta av musikalsk leiar Arild B. Nielsen i Jondal hausten1987. Han har heilt sidan starten leia og utvikla storbandet, som har medlemmar frå heile Hardanger (og Bergen). HBB sin øvingsdag er fredagskveldar på ungdomshuset Jonsvoll i Jondal. Besetninga er for tida 4 saksofonar, 3 trombonar, tuba, 4 trompetar, gitar, kontrabass/el-bass, piano, trommer og vokal.

Hardanger Folkemusikksamling

Kultur 

Hardanger folkemusikksamling er eit regionalt arkiv for folkemusikk i Hardanger. I samlinga fins det omlag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt video-opptak med folkedans. Hardanger folkemusikksamling er eit samarbeidstiltak mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Spelemannslaget Kvemmingen og Hordaland Ungdomslag. Samlinga vart skipa i 1984 etter vedtak i dei fire organisasjonane.

Hardanger Internasjonale Siderfest

Festival/større arrangement 

Hardanger er landets desidert fremste region for sideproduksjon. Bli med på besøk til gardene i fjorden, midt i bløminga, og til smelteverket i Odda. Ei helg med sider i alle glas, kokkar frå øvste hylle, matmarknad, siderkursing, bokslepp og konsertar, og ikkje minst: møt siderprodusentar frå heile landet og Norden!

Hardanger KorAkademi

Sang/musikk/teater 

Hardanger KorAademi vart stifta av Jondal Grendakor i april 2008, då under namnet Hardangerkoret. Sidan hausten 2009 har  korakademiet hatt 4-5 kurshelger årleg- og fast instruktør og kunstnarleg leiar har heile vegen vore Per Oddvar Hildre ( også kjent m.a. som dirigent for SKRUK, KulturMIx, Sunnivakoret og i si tid Det norske kammerkor)

Hardanger Motocross Klubb

Idrett 

Hardanger Motocross klubb (tidl. Hardanger cross og trial klubb) har motocross bane på Svartveit ved Utne i Hardanger. Følg oss på Facebooksida vår. Her legg me ut info om åpningstider, turar etc. Det vert og lagt ut bilete frå treningar og turar.

Herand Indremisjonsforeining

Tru/Livssyn 

Herand Indremisjonsforeining har som hovudoppgåva å halde Herand bedehus i drift. Dette gjer me med å organisere ymse samlingar, sørgja for vedlikehald av huset, og stille opp når det trengs. Ei viktig sak er, at gravferd frå Herandsfolk blir gjennonført frå bedehuset.

HLF Odda

Helse 

Laget/foreningen er ikkje lagt ned

Hovland Velforening

Velforening 

Hovland Velforening arbeider for å øke bulyst og trivsel på Hovland, og skape aktiviteter til barn, unge og voksne. Me er registrert som grasrotmottaker og bruker midlene til Hovlands beste.

IL Harding

Idrett 

IL Harding er eit samanslått idrettslag på austsida av Sørfjorden. Idrettslaget består av over 700 aktive medlemmer. Idrettslaget har fleire flotte anlegg, både på Hordatun og i Kinsarvik med Fjordahallen. Il Harding er også kjend for å arrangera "Blømingsmile". På nettsida vår finn du nyhende frå idrettslaget, informasjon om klubben, anlegga våre, medlemskap, mogelegheit for booking av bil og utstyr, samt sjå komande arrangement.

Jernrosa politisk litteraturfestival

Festival/større arrangement 

Ideen om JERNROSA Politisk Litteraturfestival har sine røter i, og er ei vidareutvikling av, den spontane solidaritetsaksjonen som oppstod under Nordisk Smedfestival i Odda 11.-13. august 2011, der det blei tatt eit initiativ til å smi jernroser som eit handfast motsvar til terroren som rørte seg i Oslo og på Utøya berre få veker tidlegare. Som eit konkret uttrykk for, og ei vidareføring av solidaritetstanken, tok den svenske smedforeininga, saman med Arbetarnas Bildningsförbund, eit initiativ til å smi verdas største jernrose. Denne blei sidan gitt som solidaritetsgåve til det norske folket ved Odda Smedforening. Rosa har ei lang historie som symbol på solidaritet, kjærleik, engasjement og motstandskamp. I den indre tyske motstandskampen mot nazismen før og under den førre verdskrigen, fekk organisasjonen Den kvite rose ein særleg plass. Innan arbeidarrørsla har den raude rosa vore det samlande symbolet på solidaritet og motstand. Som symbol sameinar JERNROSA venleiken til den levande blomen og styrken og seigheita til det handsmidde jernet, den solidariske kampen arbeidarrørsla, historisk, har kjempa for eit betre samfunn for alle og den kompromisslause kampen til dei som, i dag, kjempar mot samfunnets nedbrytande og menneskefiendtlege krefter. JERNROSA Politisk Litteraturfestival vart arrangert for fyrste gong i 2016.

Jondal Frivilligsentral

Frivilligsentral 

Jondal Frivilligsentral har som føremål å styrke den frivillige innsatsen i gamle Jondal kommune, og å motivere grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid. Jondal Frivilligsentral er ein av 515 frivilligsentralar i Noreg. Eit av hovudmåla er å skapa gode møte mellom menneske, trivelige sosiale møteplassar og meiningsfulle aktivitetar for innbyggjarane, noko me har utvida fokus på her i Jondal. 

Jondal idrettslag

Idrett 

Jondal idrettslag har fylgjande aktive grupper: - fotball - innebandy - ski - volleyball - badminton - diskgolf - symjing - fjelltrim - tur- og merkegruppa (har ansvaret for merking og vedlikehald av turløyper i Jondalsfjella). Laget driv også treningssenteret JondalGym og spinningsalen JondalSpinn

Jondal musikklag

Sang/musikk/teater 

Jondal musikklag øver kvar måndag kl 19.30-21.30 på kulturskulen. Dirigent er Una Eiken. Vi ynskjer nye musikanter velkome. Har du spørsmål kan du ringe Karin Gangdal 416 46 936

Jondal Ungdomslag

Ungdomslag 

Jondal Ungdomslag (JUL) ønskjer alle velkomne som brukarar av ungdomshuset vårt Jonsvoll også til private lag som dåp, bursdagar, konfirmasjonar, bryllaup m.m. Og JUL ønskjer alle velkomne som medlemmer i ungdomslaget: Meldemskontingent: Born 0-14år, kr.50, Ungdom 15-26år kr.150, Vaksne 27år og meir kr.250,-, Familie kr.500,- (NB! GJeld for føresette med born opp til 16år, dersom det løner seg med familiepris istandenfor fleire enkeltmedlemskap). Merk betaling med namn, fødselsdato og telefon for dei de betaler for.

Kor i Vest

Sang/musikk/teater 

Eit kor på Vestsida for alle, frå ung til gamle. Me har øving kvar onsdag kl.19-21, på Utne i Gamle skule huset. Me har den flinke og engasjerte Una Eiken til dirigent.

Kraftmuseets venner

Kultur 

Vi er et vennelag som støtter opp om Kraftmuseet i Tyssedal. Vi arrangerer årlig en studietur og siste lørdag i november arrangeres Juleverkstedet som er åpent for barn opp til 10 år. Her kan de få hjelp til å produsere julegaver og vi har kafe og utlodning. Vi håper å få museumshagen i Folgefonngata klar til sommeren. Denne får universell utforming og kan brukes av alle.

Luren 4H

Humanitær 

Luren 4H holder til i Herand. 4H Norge er en stor og aktiv organisasjon med over 10 000 medlemmer fordelt på ca. 450 4H-klubber over hele landet. Medlemsalderen er 10-26 år. I 4H får medlemmene mulighet til å utvikle seg selv, og være del av et sosialt fellesskap der alle har omsorg for hverandre. Det stilles ikke spesielle krav for å bli medlem.

NMK Hardanger

Idrett 

NMK Hardanger er ein motorsportklubb frå Kinsarvik, Hardanger. Klubben tilbyr trening og køyring kvar veke i sesong. Ta gjerne kontakt på post@nmkhardanger,no elller www.nmkhardanger.com for meir informasjon.

Odda Kunstforening

Kunst 

Vi har og opprettet en aktivitetsgruppe som vil møte opp i Odda Kunstforening sine lokaler på bestemt tid og der alle er velkommen at møte opp å vare kreative.   I Galleri Nyland finner du mange utstillinger, både gjester og  som heiter medlemskunst, der har du som medlem mulighet at vise frem og selge kunsten din. Er du interessert i dette så tag kontakt med kunstforeningen, vi kan og hjelpe deg at ta bilde av verkene dine hvis du ønsker det.

Odda Songlag

Sang/musikk/teater 

Vi har øving kvar onsdag i Ungdomshallen i Odda frå kl. 18.30 - 21.00. Nye medlemmer er hjarteleg velkomne - ta kontakt, eller berre møte opp. For tida jobbar vi med eit Evert Taube program.

Pensjonistforbundet Odda-Tyssedal

Senior 

Vår lokale forening holder til i det "gula huset" ved Bokkotunet. Vi har medlemsmøter ca. en gang i måneden på Bokkotunet. Ved større arrangement bruker vi kinosalen. Vi har også brukt Iris Scene noen ganger. Vi arrangerer turer i den lyse årstid, både dagstur og tre dagers tur på høsten. Vi arrangerer sommermøte og julemøte for medlemmene våre. Vi markerer Verdens Eldredag sammen med Eldrerådet 3.oktober og Aktivitetsdagen 7.mai. På medlemsmøtene har vi temakvelder og kulturelle innslag. Møtene blir annonsert i Hardanger Folkeblad, Facebook og på plakat på Bokkotunet.

Positive døgn

Festival/større arrangement 

Bli med på ein folkefest som breier seg utover Odda sentrum. Her får du oppleva alt frå karnevaltog, aktivitetar for folk i alle aldrar, utstillingar, med kjende og folkekjære artistar.

Røldalsmarknaden

Festival/større arrangement 

Røldalsmarknaden er ein av dei eldste marknadane i Norge. Ingen veit sikkert når den starta, men det seiast at Røldalsmarknaden har røter attende til førkristen tid. Det var naturleg at Røldal vart stemnestad. Her møttest vegane ifrå Ryfylke, Sunnhordland og Hardanger med vegar frå Setesdal, Telemark og Numedal.

Skare Ungdomslag

Ungdomslag 

EIn viktig kulturinstitusjon i Skarebygda. Me har medlemer og aktivitetar for absolutt alle aldersgrupper. Me tek vare på tradisjonar samstundes som me fylgjer med i tida. Me har eit tett samarbeid med alle andre lokale lag i bygda , Skule og Barnehage. Det er berre fantasien som set grenser for kva me kan arrangera , og det er lov å vera impulsiv og prøva noko nytt utan at det er ein lang byråkratisk prosess. Me ynskjer ei levande bygd og folk som har initiativ, idear og tek ansvar har ganske frie tøylar.

Solgull 4H

Humanitær 

Solgull 4H har medlemmer frå Grimo og Utne. Alder 10-18 år. Det er 4 vaksne rådgjevarar. Klubben har eit styre med 6 medlemer.

Treffpunkt Kinsarvik

Humanitær 

Møtestad med ungdomsklubb på Aktivitetshuset! I gamleskulen på Ystanes er det aktivitetar for fleste: buldreveggar, trampolinerom, bilspel med ratt, pedalar, stol og skjerm, dart, VR-briller og skjerm med ulike digitale spel, div. shuffleboards, biljard, teiknesaker, brettspel, sumobrytedraktar, turneringar, konkurransar, filmvising, m.m. Nokre aktivitetar ute: orientering med kart/kompass, natursti, grilling, klatring, zipline, m.m. Frivillige vaksne er alltid tilstades.

Tyssedalkoret

Sang/musikk/teater 

Tyssedalkoret har øving kvar tirsdag kl. 18.30 - 21.00 i Festiviteten i Tyssedal Vi er eit såkalla blandakor med damer som syng sopran og alt og menn som syng tenor og bass. Nye medlemmer - og særleg menn- er er velkomne!

Tyssohallen AS

 

Tyssohallen er en flerbrukshall som stod ferdig i 2007. Hallen eies av Tyssedal Turn & Idrettslag og Bedriftsidrettslaget INEOS Tyssedal. Hallen administreres og driftes på dugnad.

Ullensvang Jakt og Fiskelag

Friluftsliv 

Lokal forening til Norges Jeger og Fiskeforbund. Tilgang til skytebane rifle/ leirdue i Kinsarvik. Årlige Jegerprøvekurs. Stor og fagkyndig  "Elvefiskargjeng" i Kinso som både fisker og forvalter. Utleie av Yskjebu med båter og garn i tre vatn. Direkte tilgang på kompetanse fra Norges Jeger og Fiskeforbund.

Ullensvang mållag

Interesseorganisasjon 

Laget vart skipa på Krossvoll på Lofthus den 20. mars 1954. Det dekka då både Kinsarvik og Ullensvang herad. Seinare vart namnet Ullensvang mållag, og dekkar geografisk det som var Ullensvang herad fram til samaslåinga med Odda og Jondal. Laget hadde pr. 1.1..2023 148 betalande medlemmer. Føremålet er å arbeida for norsk målreising, men driv i tillegg med kulturarbeid, me deler ut målpris og laget har gjeve ut ei rekkjer bøker.

Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag

Bygdekvinnelag 

Vårt mål er å skapa livskvalitet, trivsel og glede her me bur. Me hjelper andre lag og organisasjonar som har same mål som oss. Me har medlemsmøte, går turar saman og reiser av og til på utflukter. Kursarrangør. Me styrkjer lokalsamfunnet med å dela kunnskap og erfaring. Bakar krotakaker i Agatunet (lokalt museum) kvar fredag i skuleferien.

Nyttige lenker

Kontakt

Opheimsgata 31
5750 Odda

Sosiale media

2024 © Foreningsportalen i Ullensvang